Ambassadørhelg - Sande Camping

14 - 18. september vil vi invitere deg som er influenser eller kreatør med på ei inspirerande og innholdsrik helg hos Sande Camping ved Lovatnet.  

Heilt utan kostnad!! *

Sande Camping ligg ved Lovatnet i Lodalen. Tusenvis av menneske frå heile verda besøker dalen årleg, for å få oppleve det unike den har å by på. På sommaren er det eit veldig høgt trykk og vi ønskjer å vise at Lodalen er vakker utan om sommaren også. Difor har vi valt å legge denne turen til hausten sånn at ein kan vise kor flott det er. I tillegg til at vi skal bu inne i Lodalen ønskjer vi å vise det nærområde har å by på, så det blir tur til både Olden og Hjelle i løpet av langhelga. Det blir kjekke aktiviteter, historiefortelleing, og god mat frå lokale aktørar.

Overnatting og mat:

På Sande Camping søv du i flotte hytter med utsikt over vatnet, og middag får ein kvar kveld på forskjellige spennande lokasjoner.

Frukost og lunsj kjøper ein etter ønskje og oppbevarer i hytta.


Helgas program består av aktiviteter som vi ønsker du skal lage innhold på, dette kan vere:

  • Historisk vandring til Bødalen og Nessodden.

  • Tur til Kjenndalsbreen

  • Fisking av ørret og tilbredelse av fangsten for middag.

  • Kajakk på fjorden

  • Mat og lokalt øl

  • Lokaltapas

  • Fjellturer

  • Bading i vatnet

  • Båt og vassaktiviteter på vatnet

  • Twizy elbil

  • Sykling

Endeleg program kjem seinare.

langhelga har ein verdi på ca 6500kr, og du deltar utan kostnad! 

* Det vi ønsker i retur er:

  • Posting i story og innlegg i feed av din opplevelse hos oss

  • Tilgang til bilder og videoer som aktørane på turen kan bruke til sosiale medier.

Bilder kan også bli kjøpt ut av Visit Nordfjord til kommersielt bruk. Dei avtaler direkte med kreatør om dette.

Du treng ikkje å ha 20 000+ følgere for å søke om å bli med på dette arrangementet, men du må produsere godt innhald som har ein viss rekkevidde i dine sosiale media. Vi plukker ut influensere og kreatører med ulike profiler, for å skape bredde i innhald og uttrykk. Det er berre 15 plasser så vi kan desverre ikkje ta med alle. Vi prioriterer også dei som kan flest dager.

Viss vi plukker ut DEG, får du ein mail med kontrakt med betingelser du må lese gjennom og signere.

Blir du ikkje plukka ur får du også ein mail om det.

Vi søker ulike typer kreative personer som for eksempel:

  • Du som liker god mat, natur og rekreasjon.

  • Du som elsker fjelltopper med spektakulær utsikt.

  • Du som er glad i å dykke ned i kultur og historie.

  • Du som er friluftsinteressert.

  • Du som gjerne tar ein dukkert i vatnet.

Ser dette spennande ut, ikkje nøl med å fylle ut skjema nederst på sida så fort som råd, så tek vi kontakt om du er aktuell for oss. Frist for å søke er 15.07.22.