Ambassadørtur - Førdefestivalen 6-10 juli

Førdefestivalen vil invitere fem influenserar til ein langhelg fylt med internasjonale kulturopplevingar!

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og har blitt kåra til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Førdefestivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement, og har om lag 26000 besøkande kvart år. 

I år er temaet “Musikk i kriser” som er høgaktuelt sånn som verdensbiletet er no.  

Det blir vakkert, storslått og ei oppleving utan like! 

Link til program: https://bit.ly/35Hyrrf

Link til speleliste: https://spoti.fi/3DItzP0

Vi tilbyr overnatting, superpass med presseakkreditering som gir tilgang til alle konsertar – og god mat heile langhelga. Alt dette mot at du gjennom dine kanalar viser publikummet ditt og følgjarane dine kva du opplever desse dagane, og at vi i Førdefestivalen kan bruke innhaldet ditt i våre kanalar.

Vi ser etter deg som elskar musikk, er nysgjerrig på nye musikkopplevingar og som likar å formidle gjennom tekst og bilete. Kjenner du deg igjen i dette, og har lyst å oppleve musikk frå heile verda, vil vi gjerne at du søker. Det er 5 plasser og vi ser etter influenserar i aldersgruppa rundt 25-35, sidan vi prøver å nå ut til fleire unge personer. Er du over eller under, er det framleis mogleg å få ein plass.

Det viktigaste er at du elskar musikk og ønskjer å vise festivalen til dei som følgjer deg.  

Søk på skjemaet under: